
Der tida står stille

Med draumen om å skape noko nytt i Vågå sentrum, tok vi målarkosten fatt i august 2018. Det starta nok ærleg tala meir som eit «fritidsprosjekt» og morosam tanke, enn med ein konkret framtidsplan. Månadene gjekk, og sakte men sikkert forvandla lokala seg på ein slik måte at grunderspira i oss verkeleg tok tak.

Vinteren på Andre Etasje
Kjære Andre Etasje gjest
Nå er julen her, og vi held stengt hjå oss fram til 8.februar
Ynskjer du å nyte eit betre måltid fra februar på kveldstid, så kan du ta kontakt med oss på post@andreetasje.no
Menyane våre finn du snart under kva skjer.
Vi held ope kvar helg, men for større grupper opnar vi og opp midt i veka
Vi gler oss til å ta i mot deg!
Velkommen opp til oss!

Andre Etasje
RESTAURANT
Draumar, godt vennskap og målarglede har forvandla ein gamal bolig til vår restaurant. Tufta på gjenbruk, krydra med ein moderne stil og sydd saman med ei felles interesse for interiør og fargar.
Gave til den som har alt....
Den finaste gava ein kan få er opplevelse
man kan dele med andre.
Nå kan du bestille gavekort på en helaften med mat og god drikke
i trivelege lokaler på Andre Etasje i Vågå.
Du kan sjølv velge beløpet du ynskjer å gje bort.
Kanskje vil du kombinere det med overnatting på Sov Lodge?
Send oss ein mail på post@andreetasje.no , så er gava i boks.

Det er mykje
kjærleik i ekte
heimelaga
mat


Lyst til å bli betre kjent med oss?
"Ein skal ikkje undervurdere makta i
eit godt venskap!"
Med bakgrunn frå yrkesliv som pedagogar, var det interessa for interiør og gode måltid som samla oss i denne felles draumen om å skape vår eigen arbeidsplass. Vi er Jeanette Villa, Mari Weldingh og Lene Brimi, og saman både eig og driv vi
Restauranten Andre Etasje i Vågå.
For oss er det viktig å formidle historie og å vere til stades for våre gjester. Når du kjem hit på kvelden vil du alltid bli møtt av ein av oss.