Hausten 2018 starta reisa.
Saman med Brimi Fjellstugu har vi utvikla matkonseptet, forma forretningsideen om restaurant og i januar 2019 danna vi driftsselskapet Andre Etasje AS.
Målet har heile tida vore å skape ei atmosfære der gjestane våre skal føle at dei kjem heim til oss.
Vi kombinerer farger og stoff med unike møblar og antikvitetar frå ulike tidsrom. Mykje er henta frå barndomsheimar og bestemorloft, og enkelte ting har vi også fått! Noko har vi pussa opp og anna har fått vera som det var.
Ta gjerne turen for å sjå sjølv – vi håpar og trur vi har lykkast!
Eller som vi seier:
«Velkommen opp»


Når du
kjem til oss,
skal det kjennast
som å kome heim
Blad ned
- Andre Etasje

Sveitser
Villaen
Blad ned
Historia til sveitservillaen
og Formo-tomta
Det sitt mykje historie i veggane på Andre Etasje.
Det starta med at Anders M.Lundh bygde opp eigedomen Formo. Frå gamalt av var det fleire tømmerhus på tomta. Da Anders Molberch Lundh tok over Formo, kjøpte han ein stor låve som stod på jordet til garden Sunde som ligg i Vågå. Han flytta låven og bygde den saman med dei andre husa til ein stor hovudbygning. I 1882 stod den supermoderne sveitservillaen klar. Klar til å ta i mot gjestar.
Dette skulle vise seg å bli ein sentral møtestad, både som sommarpensjonat, kafe og posthus. "Posthuset" står her den dag i dag. I 1922 selde Anders M. Lundh heile eigedomen til eine dotter si og mann hennar frå Berge. Dei tok til med butikk og held fram med kafe og overnatting. I sveitservillaen var det også lensmannskontor ei periode.
I 1949 kom brørne Arne og Gunnar Storlien til Vågå, der dei saman med Kristen Holø leigde butikken «S.E. Berges efterførlger». 1958 kjøpte Arne og Gunnar butikken som fekk namnet «Brødrene Storlien». Der dreiv dei både sportsbutikk og dagligvare fram til fyrst på 2000-talet.

Anders M.Lundh

Sveitservillaen 1882

Ein skal ikkje undervurdere makta i eit godt vennskap!
Med bakgrunn frå yrkesliv som pedagogar, var det interessa for interiør og gode måltid som samla oss i denne felles draumen om å skape vår eigen arbeidsplass. Jeanette Villa, Mari Weldingh og Lene Brimi starta restauranten Andre Etasje i Vågå.
For oss er det viktig å formidle historie og å vere til stades for våre gjester. Når du kjem hit på kvelden vil du alltid bli møtt av ein av oss.

Vi held til midt i Vågå sentrum, i ein kvit Sveitservilla frå 1882.
Vågå ligg i Gudbrandsdalen, ein stutt kjøyretur frå sjølvaste Jotunheimen.